Lagsinfo

Ny utøvar

Ønskjer du å byrje med skiskyting må du ta "Skiskyttarskulen" som er eit kursopplegg for nybyrjarar. I dette kurset lærer ein om våpen, trening og reglar for skiskyting. Dette kurset vert normalt arrangert på hausten.

Det er viktig at ein har trent på ski før ein startar med skiskyting. Skiskyttarlaget har ikkje kapasitet til å drive skitrening for nybyrjarar, dette ønskjer me at du gjer i ditt lokale idrettslag. Ideelt sett bør ein være over 10 år før ein startar med skiskyting. I skiskyting går ein kun skøyting, men det er lurt om du også trenar i klassisk stil.

Når det gjeld våpen så er det vanleg at ein leiger dette hjå laget det fyrste året. Fordi me har mangel på våpen leiger me dei no ut i eit år. Deretter må ein kjøpe seg våpen, eller låne dersom det er lånevåpen tilgjengeleg i laget. Ammunisjon kjøper ein i laget.

Ein må betale for å være medlem, samt for leige av våpen og ammunisjon. Sjå under "Treningsavgift" for detaljar om prisane.