Lagsinfo
Sesong og årskort i Voss ski- og tursersenter
Voss Skiskyttarlag er eit av eierlaga til Voss ski- og tursenter.
Alle våre medlemmer får 400,- i rabatt på kjøp av årskort, og 200,- i rabatt ved kjøpt av sesongkort.
Dugnadsparkering er gratis.
Års og sesongkort skal fornyes 1. november.
Bestilling gjøres på www.skivoss.no
Voss Ski- og Tursenter
Voss skiskyttarlag er ein av dei 5 eigarlaga i skisenteret i Herresåsen. Skisenteret ligg omlag 15 minutt køyring frå Voss sentrum. Mykje arbeid er lagt ned i opparbeidinga av anlegget som no byrjar å ta form.
Voss ski- og tursenter er fylkesanlegg for langrenn og skiskyting i Hordaland. Anlegget vart teke i bruk i vinteren 2008,og vil i løpet av hausten 2011 verte ferdigstilt.
Løypene i Voss ski- og tursenter er utforma slik at det kan dannast sløyfer i ulike retningar og med ulike lengder. Store delar av løypetraseen kan sjåast frå arenaen slik at publikum har god oversikt over korleis løpa utviklar seg. Frå publikumsområda ser ein også skytebana, dermed får ein ei god totaloppleving som tilskodar. Løparane har eigen inngang til arenaområdet gjennom kulvert inn til skytebane og startområde.
Skytebana er klargjort for 35 skiver. Arena består av ca. 140 dekar og inneheld start /mål, tilkomst til løyper og oppvarmingsspor og testområde for skismørjing samt publikumsområde for omlag 10.000 personar med eigen tilkomst. Hausten 2011 reiser det seg eit arenahus på 500 kvm. Huset inneheld kafe, garderobar, kontor og 14 doble soverom. Bygget ligg sentralt på stadion, 50 meter frå skytearenaen.
Ved mål har me satt opp ei kongehytte. Her er eit eige rom som Kong Harald vil disponere under Ski NM i 2012. Kongehytta inneheld også eigne rom/inngang for tidtakarar og speaker. Hytta er plassert med direkte sikt til skyting og start/mål.
Ny utøvar
Ønskjer du å byrje med skiskyting må du ta "Skiskyttarskulen" som er eit kursopplegg for nybyrjarar. I dette kurset lærer ein om våpen, trening og reglar for skiskyting. Dette kurset vert normalt arrangert på hausten.
Kva ventar ein av skiskyttarforeldre?
Skiskyting er ein idrett som krev relativt mykje oppføljing frå foreldra. Grunnen til dette er primært at utøvarane nyttar våpen. Ein kan ikkje sende utøvarar under 16 år avstad med våpen, då må ein føresett være med. Vidare treng utøvarane litt hjelp og bistand på standplass. Det er vanleg at ein forelder tek ansvar for fleire utøvarar under treninga, så det trengs ikkje ein vaksen pr. utøvar. Dette vert då avtala på førehand.
Det er viktig at foreldre tek del i treningsopplegget når ein utøvar startar for å lære våpenbruk og stell. Foreldra må ta del i nokre av treningane som omhandlar våpenet.
Alle foreldre må også ta del i arrangement i regi av laget, samt på dugnader som me skipar slik det er i alle idrettslag.
Voss Cup
Me i Voss Skiskyttarlag har hatt husansvar for Rogne VGS og Lundhaugen barnehage under Voss Cup. Dette tener me gode pengar på, og det er eit viktig bidrag til klubbkassa.
Arbeidet består i å sjekke inn gjester, gå nattevakter, utrydding og vask.
Det vert sett opp eigne lister over kven som skal gjere dei ulike oppgåvene i midten av juni.
Arbeidet går frå fredag til sundag.