Naviger

Start
Om VSSL
Bilder
Treningstider
Resultat
Startliste
Linker
Kontakt

Eksterne Linker

NSSF
Gro Marit

5 siste  skiskytter nyheter
Couldn't open rss feed in /index.php
No item elements found in rss feed.
 

 

Beising på skytebana fredag 10. sept.
08 Sep 2010
Det er meld fint ver heile veka. Me har difor sjansen til å få beisa garasjebygg og overbygg til skivene no. Om mange nok stiller så er dette gjort på 2 timar. Me har beis, penslar og bøtter. Du treng eigna klede.

Skytetreninga vert utsett til kl 19 denne fredagen på grunn av beisinga.

Møt opp store og små.

Trond


Treningstider i haust
24 Aug 2010
Tysdagar:
Kombinasjonstrening i Voss Ski- og Tursenter.
Kl. 18 – 20
SKISKYTTARSKULEN 18-19 (Opplegg for rekruttar)

Torsdagar:
Intervall og styrketrening.
Frammøte Bjørgum skule kl. 17 – styrketrening i gymsalen frå 18.30 – 20.00
Start: torsdag 25/8

Fredagar:
Presisjonsskyting i Voss Ski- og Tursenter
Frammøte kl. 18.00 (presis!!!)
Start fredag 27/8

Sundagar:
Rulleskitrening på sykkelvegen.
Frammøte i Mønshaugen kl. 10.


Skiskyttarskule
23 Aug 2010
Har du lyst å starte med skiskyting har du no sjansen til å gjennomføre skiskyttarskulen i Voss skiskyttarlag. Møt opp ved garasjen i Voss Ski- og Tursenter i Herresåsen kl 18.
Les mer..

Vareteljing på SPAR
17 Aug 2010
Det vert vareteljing på SPAR sundag 29. Klokkeslett er ikkje bestemt.


Dugnad
10 Aug 2010
Det vert dugnad på garasjebygget i tida framover. Det skal spikrast kledning og inreiast eit rom i bygget. Vidare skal huset beisast. Overbygget over skivene skal også beisast. Me prøver ein dugnad torsdag 12.8. kl 17. Om dette ikkje høver for deg så reis gjerne opp ein annan dag. Beis og utstyr står i garasjen. Ring Trond om du har spørsmål. tlf 90080956


Samling for 15 og 16 åringane (f 95-96) og trenar 2-kurs
09 Aug 2010
HOLDHUS RULLESKIBANE 27.-29. AUGUST 2010
Les mer..

Samling for yngre junior i Vik
05 Aug 2010
TEAM STATKRAFT HORDALAND
Samling i Vik for yngre junior 13.-15. august

Start kl 10.00 fredag 13. august
Avslutning kl 17.00 søndag 15. august
Les mer..

Skytetrening i sommar
30 Jun 2010
I sommar og fram til skulestart vil vi gjennomføra organisert skytetrening kvar tirsdag kl. 18 - 20.


KM rulleskiskyting avlyst
25 Jun 2010
KM i rulleskiskyting som skulle gå i Hålandsdalen laurdag 26. juni er AVLYST pga. lav påmelding!


KM i Rulleskiskyting og Ottanosi Duathlon
09 Jun 2010
Hålandsdal IL skipar KM i rulleskiskyting på Holdhus laurdag 26. juni og duathlon opp Ottanosi den 27. juni.
Les mer..

Rulleskitrening
09 Jun 2010
Det vert rulleskitrening sundagar framover. Møt kl 10 ved den nedlagte butikken på Mønshaugen. Hugs hjelm!


Påmelding BLINK-festival
08 Jun 2010
Ønskjer du å være med på Blink-festivalen så kontakt Turid Fosse. Du må oppgi bindingstype på sko. Der er felles påmelding for laget, og avgrensa tal på plassar så gi beskjed snarast.


Forrige side 1 2 3 4 5 6 7 Neste side

5 siste nyheter

Beising på skytebana fredag 10. sept., 08 Sep 2010

Treningstider i haust, 24 Aug 2010

Skiskyttarskule, 23 Aug 2010

Vareteljing på SPAR, 17 Aug 2010

Dugnad, 10 Aug 2010


Hovedsponsor


Sponsor

 

Logg inn
Voss Skiskyttarlag
C/O Voss kommune, serviceboks
5700 Voss
E-post: post@voss-skiskyttarlag.com